Etter ei fantastisk veke på Risøya med sang og musikk, venner og ukjende og strålande sol, tok eg vegen til hytta og farmor og farfar. Det fine med å vere på hytta er å ikkje tenkje på noko anna enn kva ein skal gjere den neste timen. Som regel går det i eting, lesing, bading, fisking og speling (av både gitar og brettspel). Eit ganske avslappa liv vil eg seie. Akkurat slik eg liker det. Vert livet litt for keisamt er ikkje vegen over til Sverige og godisfabrikkane langt unna. Fordel med å ha hytte i Halden. Som de forstår nyt eg livet og har det finfint, sjølv om vêret kunne vore betre. Men eg klager ikkje.
1 kommentarer:
Hytte i Halden er virkelig en kuriositet for oss som kommer fra Fredrikstad. Det er omtrent som å komme fra Brønnøysund og å betrakte alle turistene som kommer til Nordkapp?!? Men når det er sagt så ser jeg definitivt alle fordelene - ikke minst Godisfabrikken mmm ;-)
Legg inn en kommentar